Maskinentreprenørenes Forbund (MEF) sine avdelingar i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal arrangerer Loen-dagane. Både MEFs styreleiar Arnstein Repstad og adm. dir. Julie M. Brodtkorb deltek på årets arrangement, på Hotel Alexandra 27.-29.september.
Loen-dagane er eit arrangement der medlemsbedriftene deltek med sine familiar og tilsette. Det er påmeldt 54 leverandørar til utstillinga inne og ute på årets Loendagar. Dei representerer det meste som anleggsbransjen treng, programvare, utsyr, maskiner, bilar med meir.
3000 besøkande
– Vi reknar med opp mot 3000 besøkande i løpet av helga, der laurdag 28. september er dagen med mest besøk, fortel regionsjefane Øyvind Bergset og Paul Olaf Baraas i ei pressemelding.
– Laurdag 28.september, kl. 10.00-11.45 er det fagseminar. Der skal styreleiar i MEF Arnstein Repstad og MEFs administrerande direktør Julie M. Brodtkorb halde sine innlegg, før vi avsluttar fagseminaret med humorforedrag «Frå verkelegheit til suksess» med hotelldirektør Richard Grov, fortel Bergset og Baraas.
Årets Loen-dagar innehar 40-årsjubileum, og det skal sjølvsagt markerast på ulike måtar med blant anna jubileumsfyrverkeri på laurdag kveld. Loen-dagane er eit arrangement for MEF-medlemar i region vest (Nord Rogaland og Hordaland, og Sogn og Fjordane) og region midt (Trøndelag, og Møre og Romsdal).