Vedlikeholdsetterslepet skal reduseres

– Gjennom fleire tiår har arbeidet med vedlikehald og fornying av transportinfrastrukturen blitt forsømt.

– Dette gjer at forfallet er stort, ikkje minst på veg og bane. Vi har tatt fatt på oppgåva med å snu trenden med ei stor satsing på vedlikehald og fornying, og vi ser at det gir resultat. Vi har òg varsla at vedlikehald og fornying vil bli eit prioritert tiltak i ny Nasjonal transportplan som blir lagt fram våren 2017, seier samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen i ein pressemelding.

Til vedlikehald og fornying av veg-, bane- og kystinfrastruktur foreslår regjeringa nær 9,2 milliardar kroner i 2017. Forslaget er nær 70 prosent høgare enn det den førre regjeringa foreslo i sitt siste budsjettforslag – for 2014. Dei føreslåtte midlane for neste år vil i alt redusere forfallet med nær 1,8 milliardar kroner.

Annonse

Etter regjeringsskiftet blei auken i forfallet på veg-, bane- og kystinfrastruktur stoppa. Inkludert forslaget for 2017 har vedlikehaldsetterslepet blitt redusert med nær 4,9 milliardar kroner.

Etterslepet på riksvegnettet blir redusert

Til vedlikehald og fornying av riksvegnettet foreslår regjeringa vel 4,7 milliardar kroner, som er ein auke rundt 140 millionar kroner samanlikna med 2016.

– For tredje året på rad reduserer vi etteretterslepet på riksvegane. I 2017 er det lagt opp til redusere forfallet med 1,6 milliardar kroner, medan etterslepet blei redusert med 800 millionar kroner i 2015 og 1,3 milliardar kroner i 2016. Mindre forfall gir både betre framkome og trafikktryggleik på vegane våre. I 2017 er det særleg oppgradering av tunnelar som gjer at etterslepet minkar, seier samferdselsministeren.

Standarden på jernbanenettet blir oppretthaldt – betre driftsstabilitet i rush

Budsjettforslaget til vedlikehald og fornying av jernbanenettet er på 4,3 milliardar kroner, ein reduksjon på drygt 14 prosent samanlikna 2016. Reduksjonen kjem som følgje av at den eittårige tiltakspakka med sysselsetjingstiltak på jernbanenettet blir fasa ut i 2016 – akkurat som planlagt. Bevilgninga er likevel høgare enn i 2015, som vart kalla det første store vedlikehaldsåret i Jernbaneverket.

Forslaget for 2017 vil alt i alt føre til at standarden på jernbaneinfrastrukturen ved utgangen av 2017 vil vere den same som ved utgangen av 2016. Auken i vedlikehaldsetterslepet blei stoppa i 2014, redusert med om lag 165 millionar kroner i 2015 og er utrekna til å bli redusert ytterlegare med om lag 600 millionar kroner i år. Ved inngangen til 2017 er vedlikehaldsetterslepet på jernbanenettet anslått til å vere på 17,6 milliardar kroner.

– Det er venta at vedlikehald- og fornyingstiltaka i 2017 skal gi betre driftsstabilitet i rushtida. Det er positivt for oppetida og regulariteten i togtrafikken og bør bidra til betre reiseopplevingar for pendlarane, seier samferdselsministeren.