SOGNDAL: Styret i Høgskulen i Sogn og Fjordane vedtok 29. oktober å opprette et bachelorstudium i ingeniørfag bygg og anlegg.
– Studiet har vore etterspurt av næringslivet, og vil levere kandidatar til fylkets største eksportnæring, sier skolen i en pressemelding.
Fyller stort behov
– Dette er svært gledeleg. Tilbodet vil fylle eit stort behov, sier entreprenør Leif Arne Aasen i pressemeldingen.
Han har sittet i prosjektgruppa for det nye studiet.
Studiet vil bli utlyst til våren, i første runde med plass til 25 studentar pr år. Oppstart høsten 2016 forutsetter at tilstrekkelig antall søkere melder seg.
MEF og Statens vegvesen er blant bidragsyterne i finansiering av studiet, framgår det av pressemeldingen.
Resten av pressemeldingen:
Ingeniørstudiet i bygg- og anleggsfag er eit resultat av sterkt lokalt og regionalt engasjement, og er forankra i Verdiskapingsplanen for Sogn og Fjordane og i Høgskulen i Sogn og Fjordane (HiSF) sitt Råd for samarbeid med arbeidslivet.
Høgskulen i Bergen (HiB) er ein viktig samarbeidspartnar for å realisera studiet.
Ei breitt samansett arbeidsgruppe frå næringslivet og det offentlege har saman med ei intern prosjektgruppe ved Avdeling for ingeniør- og naturfag ved HiSF jobba målretta med utviklinga gjennom eit forprosjekt.
Noverande Fylkesordførar Jenny Følling har vore leiar for arbeidsgruppa: – Dette er ein stor dag. I denne saka har alle gode krefter jobba saman og løfta i flokk. Vi har stor bygg og annleggsnæring i fylket med stort behov for ingeniørkompetanse. Å utdanne ungdommar i fylke vil sikre rekruttering og god kompetanse. Takk til alle som har bidrege til at studie kan startast opp!
Studieplanen for bachelorgraden har vore utforma i samarbeid med HIB, og emneansvaret er delt mellom institusjonane.
Undervisning frå HiB vil kunne gjerast gjennom strøyming med tovegskommunikasjon og tett oppfølging av studentane, i tillegg til utvikling av meir tilrettelagt e-læring. HiB har gode erfaringar med slik undervisning frå andre prosjekt.