Annonse
Annonse

Alt har ein ende

Stortingsvalet er avslutta. MEF har jobba hardt for å få fram kampsakene våre. No held vi fram arbeidet, uansett kven som styrer dei neste fire åra. Eit anna val som kjem om eit knapt år, er val av hovedstyre i MEF.

Av: Øystein Hope, styreleiar i MEF

Annonse

Mykje godt arbeid har vore gjort i heile organisasjonen vår for å støtta opp under dei fire fanesakene som vart vedtatt på landsmøtet vårt i fjor. Me har alle vore med å kjøre kampanjar med god medieomtale som har blitt lagt merke til på Løvebakken.

Det er godt å registrere at dagsorden i valkampen har vore prega av to av våre saker; byråkrati og skatt på arbeidande kapital. Argumenta våre kjenner me att i debattane.

Eit anna val som kjem om eit knapt år er val av hovedstyre i MEF.

Valkomiteen byrjer i desse dagar sitt arbeid. Eg har orientert komiteen om at eg ikkje stiller til gjenval som styreleiar på landsmøtet i Tromsø juni 2026.

Avgjerda er godt gjennomtenkt og endeleg. Frå starten av, då eg kom rett inn som nestleiar, såg eg for meg at seks år var ei passande ramme for vervet i hovedstyret, og eg held fast ved den planen.

Avgjersla beror på eit ønskje om å prioritere annleis og samstundes gje rom for nye krefter i leiinga av organisasjonen. Eg meiner det er sunt for MEF med både kontinuitet og fornying i toppverva. Eg har, og har hatt, stor glede og læring av å vere styreleiar, og det er eit privilegium å få arbeide saman med sterke styrer, dyktige tilsette og engasjerte medlemer.

Eg vil sjølvsagt stå med same engasjement og innsats i vervet heilt fram til kommande landsmøte og siste vedtak er fatta. Det handlar ikkje om kven som sit som leiar. Det handlar om fellesskapet, krafta i organisasjonen, og den retninga vi saman set.

Stortingsvalet er nå avgjort, og me i MEF lover å påverke og stå på til beste for våre bransjer.

——————————–

Sjå tidlegare innlegg:

Annonse
Annonse

Les også

Annonse