MEFs styreleiar har ordet

Våren er i anmarsj. Alle regionane har no gjennomført sine årsmøte. Årsmøta er ikkje berre er ein formalitet, men ein grunnstein i vår organisasjon, ein arena for diskusjon, påverknad og samhald.

Av: Øystein Hope, styreleiar i MEF

Ein medlemsstyrt organisasjon som MEF er heilt avhengig av engasjerte tillitsvalde som er villige til å bruke tid og kompetanse for å styrke vilkåra for medlemmane våre gjennom godt næringspolitisk organisasjonsarbeid.

Annonse

Tusen takk for innsatsen til de som har gått ut av styra no, og velkommen inn til nye styremedlemmer! Me set vår lit til at dei me har gitt tillit til representerer regionen, bransjen og MEF på beste måte!

Som entreprenør handlar kvardagen ofte om å løysa praktiske utfordringar, få jobben gjort og halda hjula i gang. Då kan det vere lett å tenkje at slike møte berre er noko me må gjennom. Men årsmøtet er eitt av dei viktigaste arenaene me har.

Det vert jobba godt i heile landet, både frå administrasjon, tillitsvalde og medlemmane for å tale MEF sine viktige fanesaker. Me arbeider målretta med å påverke landets folkevalde før haustens stortingsval og det er godt å sjå at me får merksemd og taletid i media.

Som mange har fått med seg har regjeringa no foreslått å gjere unntak frå aldersgrensa på 19 år for opplæringstiltak til ungdom mellom 16 og 19 år, som held på å dette utanfor skulen. Målet er at Nav og fylkeskommunen skal kunne samarbeide om meir fleksible opplæringstilbod, så ungdom kan fullføre vidaregåande utdanning og komme inn i arbeidslivet.  Ein stor takk for lang og målretta innsats av MEF-medlem, entreprenør og gründer Albert Hæhre, for å kjempe og fronte Skulesaka. Og som han sjølv seier; «dette betyr så enormt mykje for dei ungdommane som ikkje har noko tilbod i dag».

Gledeleg er det òg at yrkesfag er meir populært enn nokon gang før. Årets søkartal viser at 54% vil gå på yrkesfag på vidaregåande skule, og dette er den høgste andelen i Norge nokon gang. Auka er størst i teknologi- og industrifag og helse- og oppvekstfag. Vår bransje treng fleire dyktige fagarbeidere for å kunne løyse dei store samfunnsutfordringene vi har framfor oss. Tala viser og at rekordmange fullfører fagbrevet og aldri før har så mange nyutdanna fagarbeidere komt seg så raskt i jobb.

Med våren kjem nye  moglegheiter, lyset og lengre dagar. Våren ber ikkje berre med seg håp om ein ny sesong i anleggsbransjen, men òg håp for framtida – for ungdommen som skal ta over og føre næringa vidare.

Me ser korleis ungdom viser interesse for faget, og det er vår oppgåve å sikre at dei får gode rammevilkår, stabile jobbar og ei framtid i bransjen vår. MEF jobbar kvar dag for at unge skal få betre moglegheiter til utdanning, lærlingplassar og karrierar innan entreprenørskap.

Saman må me inspirere, støtte og løfte dei unge – dei er morgondagens fagfolk og leiarar!

——————————–

Sjå tidlegare innlegg: