Annonse
Annonse

Eit historisk gjennombrot

Anleggsbransjen i Norge står i krevande tider. Våre medlemsbedrifter kjenner på konsekvensane av krigen i Ukraina og Iran, og på korleis renta bremsar investeringane i bygg og anlegg. Sjølv i desse krevande tidene kan me glede oss over at MEF dei siste månadene har tatt ein ny og imponerande posisjon i det norske samfunnet.

Av: Øystein Hope, styreleiar i MEF

Annonse

Tillitsvalde over heile landet, tilsette i MEF og i særleg grad vår administrerande direktør, har gjennomført eit samfunnspolitisk arbeid som er formidabelt. Me har snakka med folkevalde over heile landet, me har bygd alliansar på tvers av parti og me har vore dagleg til stades i det nasjonale nyheitsbiletet.

Slik har me vunne kampen om merksemda og fått norsk politikk til å ta inn over seg kva slags krise me står i. Me var dei første som kravde kutt i CO2-avgifta på diesel, og me var aktøren som fekk Stortinget til å sjå at lågare drivstoffprisar kan gje eit lite pusterom for hardt prøvde bedrifter.

MEF har aldri hatt ein sterkare posisjon i det norske samfunnet enn det me har no. Det er fint å ta med seg inn i det nært føreståande landsmøtet i Tromsø.

Der vil eg, som leiar for hovudstyret, sjå fire år tilbake i tid når eg skal oppsummere kvar me står i dag. Då eg vart gjenvalgt som leiar på landsmøtet i Bergen i 2024 sa eg at eit styre skal tenkje som ein bonde: Det me tek over, skal vere i endå betre stand når me gjev det vidare.

Difor er eg stolt over det MEF saman har fått til dei siste åra:

  • Eit nasjonalt gjennombrot i det offentlege ordskiftet.
  • Kutt i dieselprisane.
  • Me har gjennomført overgangen til eit nytt styringssystem for bedriftene våre. SmartMEF nærmar seg å bli det systemet bedriftene våre treng i den nye digitale tidsalderen.
  • Me har styrka oss som arbeidsgjevarorganisasjon.
  • Me får stadig fleire kvinner og fleire unge med på laget.

Arbeidet vårt er å gjere det enklare og meir lønnsomt for medlemsbedriftene og anleggsbransjen.

Mi tid som nestleiar og styreleiar i hovudstyret til MEF er snart over. Men engasjementet mitt for bransjen eg vart fødd inn i for over 60 år sidan, vil aldri forsvinne. Eg er, og vil alltid vere, ein stolt MEF-ar!


Øystein Hope

Styreleiar i MEF

——————————–

Sjå tidlegare innlegg:

Annonse
Annonse

Les også

Annonse