Er det lov å seia – eller i det minste tenkja – at me kanskje går mot litt lysare tider?
Av: Øystein Hope, styreleiar i MEF
Når vinteren er på det mørkaste, og nyheitsbiletet er prega av uro og usikkerheit, er det lett å bli forsiktig. I anleggsbransjen er me vand med å vera nøkterne, men me vert fort optimistar når det er nok å rekna på.
Det er noko med den tida me no går mot. Dagane blir lengre, og mange er i gang med å planleggja nye prosjekt. For dei som sit på brakka, står ute på anlegget eller har ansvar for produksjonen, handlar ikkje dette om store ord – men om kva som faktisk møter oss i kvardagen.
Eitt tema går igjen i mange samtalar: prioriteringar. Krava kjem tett – til dokumentasjon, berekraft, rapportering, framdrift og økonomi. Når alt vert viktig på same tid, blir det krevjande å velja klokt.
Då skjer det ofte noko kjent. Prioriteringane flyttar seg frå overordna nivå og ned i prosjekta. Til arbeidsleiarar, formenn og fagfolk som må ta raske avgjerder midt i produksjonen. Det er der konsekvensane kjem først, og det er der presset merkast best.
Her kjem også spørsmålet om risiko tydeleg fram.
Risiko er ein naturleg del av anleggsbransjen. Me lever med forskjellige typar risiko kvar dag – ute i felt, i planlegginga og i gjennomføringa. Men det er stor skilnad på risiko som er gjennomtenkt og handterbar, og risiko som berre vert dytta vidare fordi alt anna også hastar.
Skal prosjekta fungera godt, må risiko plasserast der den faktisk kan styrast. Byggherrar har best føresetnader for å ta ansvar for rammer, grunnlag og avklaringar. Entreprenørane er best rusta til å ta ansvar for gjennomføring, metodeval og effektiv drift. Når denne fordelinga er tydeleg, får me betre flyt i kvardagen – og færre overraskingar ute på anlegget.
Dette er ikkje nye tankar. Det er erfaring, bygd opp gjennom mange prosjekt. Når prioriteringar er klare og ansvar ligg rett, leverer bransjen godt.
Anleggsbransjen er full av dyktige folk som tek ansvar og finn løysingar – ofte lenge før utfordringane når rapportar og møtebord. Det gir grunn til ei nøktern, men reell optimisme. For me veit kva som skal til når rammer, prioriteringar og risiko spelar på lag.
Er det lov å tru på litt lysare tider? Ikkje fordi alt er løyst, men fordi me har kunnskapen, erfaringa og fagstoltheita som trengst for å ta betre val framover.
Eg meiner – ja, det er lov å tru på litt lysare tider.
Øystein Hope
Styreleiar i MEF
——————————–
Sjå tidlegare innlegg:
- MEF-huset – eit nødvendig og framtidsretta løft (desember 2025)
- Alt har ein ende (oktober 2025)
- Ho høyrer heime her! (juli 2025)
- Morgondagens fagfolk og leiarar (april 2025)
- Betre vilkår for bransjen (februar 2025)

