MEFs hovudstyre har vedteke at MEF-huset skal rehabiliterast. Det vil sikre våre langsiktige verdiar og bidra til at me får gode leigeinntekter i åra som kjem.
Av: Øystein Hope, styreleiar i MEF
MEF-huset har i over fire tiår vore ein sentral møteplass og arbeidsstad for MEF. Bygget i Fred Olsens gate 3 i Oslo representerer ein verdi for organisasjonen, og det skal forvaltast klokt og langsiktig. Den sentrale plasseringa gjer huset lett tilgjengeleg for tilsette, tillitsvalde og besøkande.
Les også: MEF-huset oppgraderes
I 2024–2025 gjennomførte MEF ei grundig tilstandskartlegging av bygget. Tilstandsrapporten viste klart at MEF-huset har behov for omfattande oppgradering, både innvendig og utvendig. Dette var avgjerande for at hovudstyret vedtok å starte rehabilitering av bygget, og at bygget framleis skal vere i MEFs eige.
Det er sett av ei økonomisk ramme på om lag 32 millionar kroner til sjølve rehabiliteringa, i tillegg til kostnader for nytt interiør, IKT og mellombelse lokale for tilsette i byggeperioden. Vedlikehald av ytre fasadar, tak og utskifting av elektrisk anlegg, røyr, ventilasjon, vindauge og etterisolering er viktige grep for å førebyggje skadar og auke verdien av bygget.
Prosessen har vore forankra i organisasjonen, med involvering av tillitsvalde, administrasjon og eksterne fagressursar. Gjennom ein strukturert konkurranseprosess har MEF invitert fem entreprenørar til å levere tilbod på arbeidet. Etter grundige vurderingar av tilbod, risiko og gjennomføringsevne, har styret valt ein aktør med solid erfaring og kompetanse innan rehabilitering av næringsbygg.
Arbeidet starta 1. oktober 2025, og ferdigstilling er planlagt til våren 2026. Når bygget står ferdig rehabilitert, vil administrasjonen sørgje for at MEF-huset blir drifta og forvalta på ein trygg og lønnsam måte. Målet er å sikre effektiv drift til ein fornuftig kostnad. Husdrifta blir organisert gjennom MEF Huset AS, under full kontroll av hovudstyret, representantskapet og landsmøtet.
Eit viktig grep for å sikre både verdi og inntekter er utleige av areal MEF ikkje sjølv har behov for. Administrasjonen arbeider no med å leige ut desse areala, og dialogen med profesjonelle meklarar tyder på at dette kan gi MEF gode leigeinntekter.
Rehabiliteringa av MEF-huset er eit strategisk løft for organisasjonen. Me investerer i framtida, i arbeidsmiljøet og i fellesskapet. Når bygget står ferdig, vil MEF ha eit moderne og funksjonelt hus som legg til rette for utvida bruk, vidare utvikling og tettare samarbeid til beste for medlemmane, tilsette og heile bransjen.
På vegne av hovudstyret,
Øystein Hope
Styreleiar i MEF
——————————–
Sjå tidlegare innlegg:
- Alt har ein ende (oktober 2025)
- Ho høyrer heime her! (juli 2025)
- Morgondagens fagfolk og leiarar (april 2025)
- Betre vilkår for bransjen (februar 2025)

