Betre vilkår for bransjen

MEF har arbeidd godt med kampsakene landsmøtet vedtok i juni i fjor. Under Arctic Entrepreneur 2025 lanserte me ein tydeleg kampanje mot aukande byråkrati, der me peika på at unødvendige reglar og krav svekkjer konkurranseevna og effektiviteten til entreprenørane.

Av: Øystein Hope, styreleiar i MEF

Me krev forenklingar, meir føreseielege rammevilkår og ein politikk som støttar næringa sitt behov for vekst og utvikling. Kampanjen markerer eit klart standpunkt for å sikre betre vilkår for bransjen framover!

Annonse

Arctic Entrepreneur 2025 vart ein stor suksess med rekordstor deltaking! På The Qube på Gardermoen samla me 1792 glade deltakarar og 116 utstillarar. «Dette er utan tvil årets høgdepunkt for anleggsbransjen,» sa ein av deltakarane. Arrangementet stadfesta si posisjon som årets viktigaste møteplass for anleggsbransjen. Og merk; i 2026 endrar me namnet til Anlegg Norge, for å tydelegare reflektere bransjens nasjonale betydning.

Årets lærebedrift vart høgtidleg kåra på Arctic Entrepreneur 2025. Me gratulerer Aarsleff Fundamentering & Boring AS med sigeren!

Mange av våre medlemmer starta året med stor uvisse og usikkerheit. Prognosesenteret håpar på ei betring i bustadbygginga mot slutten av 2025, men starten på året har vore prega av låg aktivitet. Norges Bank held renta uendra, men med moglegheit for eit kutt i mars kan bransjen håpe på eit pusterom dersom økonomien stabiliserer seg.

Den siste medlemsundersøkinga i MEF viser at 85 prosent av medlemsbedriftene har ledig kapasitet og forventar lågare lønsemd. Dette understrekar kor alvorleg situasjonen er for mange entreprenørar. No må våre politikarar snart vakne før dei raserer ei av dei største fastlandsnæringane i Norge.

Med klare krav og eit samla standpunkt er bransjen klar til å møte framtida med optimisme og pågangsmot. Me ser fram til å byggje ei sterkare og meir konkurransedyktig anleggsnæring i åra som kjem.