MEF har ordet: Det er noko grunnleggjande vakkert i å sjå eit landskap endre seg. Når fjell blir sprengt, vegar blir bygd, og nye bygg reiser seg, då veit me at noko nytt er på veg.
Av: Øystein Hope, styreleder i MEF
Me bygger landet vårt, bokstaveleg talt. Men det mektigaste me bygger kan ikkje målast i meter eller tonn. Det kan ikkje teiknast inn på eit kart eller reknast ut i kalkylar. Det me verkeleg bygger er moglegheiter. For folk. For framtid. For fellesskap.
Når ei kvinne tek plass i førarsetet på ein gravemaskin, bryt ho ikkje berre jord, ho bryt barrierar. Når ho går frå å vere lærling til å bli leiar, opnar ho dører for fleire. MEF kvinner blei etablert for å støtte nettopp dette: Å styrkje kvinners deltaking i anleggsbransjen og vise at det finst fleire vegar inn og opp.
Gjennom nettverket har kvinner frå heile landet funne kvarandre, delt erfaringar og bygd eit fellesskap som gjer bransjen vår rikare. Dei ønskjer å vere ein større del av MEF-fellesskapet – ikkje som unntak, men som sjølvsagde aktørar. I samarbeid med Erna-nettverket, som jobbar for å rekruttere fleire kvinner til fagarbeidaryrke, viser me at dette ikkje handlar om symbolpolitikk. Det handlar om å bruke heile krafta i samfunnet vårt, og å spegle det mangfaldet me faktisk byggjer for.
Men det handlar også om kultur. Om å skape arbeidsplassar der alle kjenner seg trygge. Der ein kan vere seg sjølv, bli respektert og få utvikle seg. Kommentarar og haldningar som verkar ubehagelege eller støytande, har ikkje noko på ein moderne arbeidsplass å gjere. Det krev at me set grenser for det som ikkje er greitt og at me løftar fram det som er bra. Det krev at me ser kvarandre, lyttar til kvarandre og står saman.
For kvar ny lærling som får ein sjanse, kvar ny stemme som blir høyrd, kvar ny tanke som får grobotn, byggjer me noko som varer.
Så ja, me bygger landet vårt. Men viktigast av alt: Me bygger moglegheiter. For alle.
No ventar ei tid for å senke tempoet, hente ny energi og kjenne på det som betyr mest. Når me møtest igjen til hausten, håper me fleire kjenner seg inspirerte til å ta plass, bidra og vere med på å forme ein bransje der mangfald er styrke, og alle får moglegheit til å blomstre.
God sommar!
Øystein Hope
Styreleiar i MEF