Gir millioner til valgfag infrastruktur

Maskinentreprenørenes Forbund gir millionbeløp til nytt høgskulestudium i Førde. Skal brukes til valgfag infrastruktur på ingeniørlinja.

– Maskinentreprenørenes Forbund (MEF) løyver 1,2 millionar kroner til det nye høgskulestudiet i bygg- og anlegg i Førde. Midlane skal brukast til å finansiere valfag innan infrastruktur på den nye ingeniørlinja ved Høgskulen i Sogn og Fjordane (HiSF), opplyser MEF i en pressemelding.

Glad og stolt

– Eg er veldig glad og stolt over at MEF sa ja til å bidra med økonomisk støtte til finansieringa av valfaga på den nye linja ved HiSF, seier Harald Kvame.

Han er styreleiar for MEF i Sogn og Fjordane.

1,2 millionar kroner frå MEF fordelt på fire år betyr at det nye høgskuletilbodet i Førde er fullfinansiert.

Felles finansiering

Lokale bedrifter, Sparebanken Sogn og Fjordane, EBA, Statens vegvesen, MEF og Høgskulane i Bergen og Sogn og Fjordane har saman jobba for å få på plass den nye ingeniørlinja, og ikkje minst skaffe finansiering til dei første kulla.

– Interessa for studiet har vore stor, og bransjen har lenge jobba for å få eit slikt studium i Sogn og Fjordane. MEF har saman med Statens vegvesen hatt særleg fokus på anleggsbransjen, seier Harald Kvame.

Behov for kompetanse

– Vår bransje er i endring og vi har behov for ny kompetanse i framtida for å kunne konkurrere om oppdraga. Då er ingeniørar med høg kompetanse viktig, også for vår bransje, seier Kvame.

Han var for kort tid sidan i møte med MEF’s hovudstyre for å få dei til å vere med på finansieringa av studiet ved HiSF i Førde.

Det er MEF avdeling Sogn og Fjordane, MEF avdeling Nord Rogaland og Hordaland og MEF’s hovudstyre som står bak løyvinga på 1,2 millionar kroner.

– Det at vi no får til eit ingeniørstudium der anleggsfaget med veg, vatn, avlaup og annan infrastruktur også er vektlagt er svært viktig for entreprenørane, byggherrane og konsulentane, sier Kvame.